Om Dreng
Eit friskt pust inn i jordbruket
Bønder, og spesielt mjølkebønder, arbeider hardt for føda. Om ein vil ha eller treng fri er det ofte vanskeleg, og mange arbeider i lange periodar utan ferie.
Samtidig betalar Landbruksdirektoratet ut meir enn ein milliard kroner i året i avløysartilskot, og det er mange som ønskjer å arbeide som avløysar. Problemet er at bonden og avløysaren i mange tilfelle ikkje veit om kvarandre.
Dette ønskjer vi i Dreng å gjere noko med.
Vi består av Amalie og Sunniva, to systre som kjem frå ein mjølkegard i Jølster. Vi har òg fått Erik med på laget. Han kjem frå Bergen, men er grei likevel og er flink med data.
Vi er framleis i ein tidleg fase og er alltid på utkikk etter tidlege testbrukarar. Om du er bonde eller avløysar, eller vil bli det, så følg gjerne nyheitsbrevet vårt eller send oss ein e-post.
Tilbake til forsida